Ein 37 år gammal mann blei i midten av mars sikta for å ha valdteke tre kvinner medan dei var medvitslause og ute av stand til å forsvare seg. Ei av dei var den no avdøde kona hans.
Siktinga lyder på valdtekt av personar som ikkje er i stand til å setje seg imot det. Strafferamma er fengsel i inntil ti år. Dersom gjerningsmannen bevisst har dopa ned offera sine, er minstestraffa på tre år.
ARRAY(0x1a34c30)
Etter å ha avdekt to nye valdtekter utvidar politiet no siktinga.
- Valdtekter som er gjort på ein særdeles krenkjande måte eller er særleg smertefulle for fornærma har ei strafferamme på inntil 21 års fengsel, seier politiadvokat Henning Klauseie, som opplyser at politiet no har filmopptak av fire av fem valdtekter.
Politiet er framleis ikkje ferdig med å gjennomgå det omfattande beslaget. 1.100 filmar er gjennomgått, men det står framleis att fleire harddiskar.
- Vi kan derfor ikkje sjå bort frå at det dukkar opp fleire overgrep. Vi skal gjennomgå materialet nøye, seier Klauseie.
Den valdtektssikta mannen nektar for at han har valdteke og dopa kvinnene med narkotika. (©NPK)

