Storklubben River frå Buenos Aires rykte ned for aller første gong sist sesong. Laget jagar opprykk, men sesongen i 2. divisjon er ikkje blitt nokon parademarsj.
Instituto leier framleis Nacional B, som argentinarane kallar 2. divisjon. Eitt poeng skil laga etter kampen søndag framfor 55.000 tilskodarar på Monumental stadion.
Trezeguet spelte landskampar for Frankrike, men voks opp i Buenos Aires. Han er oppe i åtte mål denne sesongen.
- Eg ville ikkje bytt denne scoringa mot noko med tanke på kor viktig ho var og kva ho betydde for kampen. Vi kjempa for å vinne. Det var herleg å sjå Monumental fullpakka, sa Trezeguet.
34 år gamle Trezeguet er både verds- og europameister med Frankrike. Han vann også fleire seriemeisterskap med Juventus og Monaco.
Samtidig spelte Rivers erkerival Boca Juniors berre 1- 1 mot Belgrano, laget som gjorde at River rykte ned i fjor, i den argentinske eliteserien. (©NPK)

