Bentiu er hovudstad i den oljerike delstaten Unity i Sør-Sudan. Angrepet kom måndag morgon.
- Tilsette i Norsk Folkehjelp i området opplyser at minst tre sivile vart drepne og fleire såra, seier Jan Ledang, Norsk Folkehjelps landdirektør i Sør-Sudan.
Fleire kraftige eksplosjonar skaka byen i morgontimane, og blant måla som vart trefte var ein marknadsplass i byen.
- Kjelder i det sørsudanske forsvaret opplyser at målet truleg var ei bru, men at ein trefte ein marknadsplass, opplyser Ledang vidare.
Angrepet kjem få dagar etter at sørsudanske styrkar før helga trekte seg ut av det oljerike Heglig-området i Sudan etter fleire dagar med harde kampar.
- Dette har dessverre ikkje ført til ei normalisering av situasjonen. SAF-styrkar frå nord har auka angrepa sine på sørsudanske styrkar dei siste dagane, forklarer Ledang.
Sudans president Omar al-Bashir kom til Heglig måndag formiddag. (©NPK)
