Demonstrasjonane fredag var den første store testen på om den ferske våpenkvila, som tredde i kraft torsdag, ville halde.
Opposisjonen i Syria oppmoda syrarar til å delta i fredelege demonstrasjonar mot regimet til president Bashar al-Assad, og titusenvis av menneske i fleire av provinsane i landet følgde oppmodinga, opplyser eksilgrupper.
Etter det Syrias observatorium for menneskerettar opplyser opna tryggingsstyrkar eld mot ei gruppe menn idet dei skulle slutte seg til ein demonstrasjon i sentrum av byen Hama. Minst éin person skal vere drepen.
I Idlib og Hasakeh vart òg to personar drepne, heiter det frå aktivistar.
I hovudstaden Damaskus var store tryggingsstyrkar på plass i forkant av demonstrasjonane. Ein aktivist seier at det var protestar i fleire bydelar, og at demonstrantar kasta stein mot soldatane.
I Deraya utanfor Damaskus vart ein person såra då ein snikskyttar skaut mot demonstrasjonen, seier aktivisten.
Retten til fredelege demonstrasjonar er eitt av dei seks punkta i fredsplanen til Syria-utsending Kofi Annan, som regimet i Syria har gått med på.
Men den syriske opposisjonen stoler ikkje på at regimet vil halde lovnadene. I forkant av demonstrasjonane fredag bad leiaren for den viktigaste opposisjonsgruppa Syrias nasjonalråd, Burhan Ghalioun, folk om å vere forsiktige.
Det syriske innanriksdepartementet gjorde det samstundes klart at dei berre ville tillate demonstrasjonar som var godkjent på førehand.
- Det er latterleg. Dei vil ikkje gi løyve, og viss ein ber om eit, blir ein kasta i fengsel, seier ein aktivist i Hama som kallar seg Musab.
Tidlegare fredag verka det som om våpenkvila, som er ein del av fredsplanen til spesialutsending Kofi Annan, med få unntak hadde vorte overhalde.
- Dette er ein kritisk fase. Om det framleis er roleg etter fredagsbøna, lovar det godt for den vidare fredsprosessen, seier den norske generalmajoren Robert Mood, som har leidd forhandlingane med regimet og hæren i Syria om våpenkvila. (©NPK)

