Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Marta tilbake i Sverige

(NPK-NTB-TT): Verdas beste kvinnelege fotballspelar vendar tilbake til Sverige. Marta (26) skal den komande sesongen spele for Tyresö.

Svenskane vann dragkampen om den brasilianske stjerna, som blei ledig på marknaden då heile sesongen i den amerikanske proffligaen WPS blei avlyst. Onsdag signerte ho ein toårskontrakt med stockholmsklubben.

- Eg er glad for å vere i Sverige igjen. Det er verdas beste serie, og eg trivst veldig bra her. Då eg reiste til USA, sa eg til alle at Sverige er den andre heimen min. Eg har mange vener her, og mange minne frå menneske som elskar det eg gjer på banen, sa ei rørt Marta.

Ho var stor publikumsfavoritt då ho spelte for Umeå i fem sesongar før WPS lokka henne vestover. Umeå var også denne gongen interessert i spelaren som fem gonger er kåra til den beste spelaren i verda.

- Men eg fekk aldri noko tilbod derfrå. Eg har ei veldig fin historie med Umeå, men livet går vidare, sa Marta.

Tyresö har gjort kometkarriere i svensk kvinnefotball. Laget rykte opp til toppserien så seint som i 2009, men no blir laget ein stor gullfavoritt. Laget har også sikra seg dei svenske landslagsspelarane Caroline Seger og Lisa Dahlkvist, i tillegg til spanske Veronica Boquete.

- Det store målet er å vinne serien og cupen og få spele meisterliga neste år, sa Marta.

Sveriges landslagssjef Thomas Dennerby meiner at heile serien vil tene på at Marta er tilbake i Allsvenskan.

- Sist ho var her, gjekk publikumstal opp overalt der ho spelte. Ho er det sterkaste merkenamnet i kvinnefotballen, og det er slike vi vil sjå, meiner han.

Tyresö-formann Hans Lindberg vil ikkje ut med kor mykje Marta får i lønn, men han seier at heile løna blir dekt av eksterne sponsorar. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.