Både i EU under eitt og i dei 17 eurolanda fall bruttonasjonalproduktet (BNP) med 0,3 prosent frå tredje til fjerde kvartal i fjor. Sjølv om fleire av økonomiane dei siste åra har vore registrert med negativ vekst, er det første gongen at den samla veksten i EU og eurosona gjekk i minus.
Berre fem av dei 19 EU-landa som er med i oversynet, hadde vekst i BNP i fjerde kvartal.
Både for heile året og samanlikna med same kvartalet året før voks likevel den samla EU-økonomien med høvesvis 1,5 og 0,9 prosent.
Minst tre land, Tsjekkia, Nederland og Italia, er etter sine eigne tal no inne i resesjon, ettersom dei har hatt negativ vekst to kvartal etter kvarandre. (©NPK)

