Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Heile Høgre-leiinga på attval

(NPK-NTB): Ein samrøystes valkomité går inn for å gi heile Høgre-leiinga ny tillit på partilandsmøtet partiet i mai.

Valkomiteen grunngir framlegget med at partileiinga har levert gode resultat, samarbeider godt og at dei alle er godt motivert for det vidare arbeidet.

- Valet i 2011 viste at dette er eit vinnarlag, som òg kan gi valsiger i 2013, seier leiaren i valkomiteen, Svein Flåtten.

Etter framlegget frå valkomiteen held Erna Solberg fram som partileiar, mens Jan Tore Sannar og Bent Høie får ny tillit som høvesvis første og andre nestleiar. Komiteen går inn for at dei får med seg Monica Mæland og Torbjørn Røe Isaksen i arbeidsutvalet, som i dag.

Valkomiteen gjer dessutan framlegg om at Julie Margrethe Brodtkorb blir attvald som leiar av det kvinnepolitiske forumet i Høgre. Som medlemmer av sentralstyret foreslår valkomiteen at Ine Marie Eriksen Søreide, Arne Hjeltnes, Jonni Solsvik og Thorhild Widvey får ein ny periode.

Partiet opnar landsmøtet sitt i Oslo 4. mai. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.