Fire av ti personar over 15 år køyrer alpint eller står på snøbrett. Ein oppmuntrande høg del av desse seier i ei fersk undersøking at dei kjenner seg trygge i anlegga. Det er Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) som står bak befolkningsundersøkinga:
- Det er bra at åtte av ti kjenner seg sikre, men undersøkinga visar også at halvparten lèt hjelmen liggje. At så mange ikkje brukar hjelm, er urovekkjande, seier avdelingsleiar Sverre Limtun i DSB til NTB.
Det er særleg dei over 30 år som ikkje brukar hjelm.
Ansvaret for sikkerheit i bakken ligg hjå brukarane og hjå eigarane av alpinanlegga.
- Vi har ansvaret for å følgje opp at alpinanleggseigarane sørgjer for tilstrekkeleg tryggleik i anlegget. Undersøkinga stadfestar inntrykket vårt av at dei er ansvarsmedvitne, seier Limtun. (©NPK)

