Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

22. juli-kommisjonen får ikkje svar frå terroroffer

(NPK-NTB): 22. juli-kommisjonen har bedt 9.000 terrorberørde om innspel rundt arbeidet under og etter terrorangrepa, men færre enn 15 prosent har svart.

Den låge svarprosenten gjer kommisjonsleiar Alexandra Bech Gjørv uroleg.

ARRAY(0x1d4c7760)

Undersøkinga skal gi kommisjonen eit bilde både av kva slags oppfølging dei som direkte eller indirekte vart råka av terrorangrepa, har fått, og av korleis dei har vorte behandla av media. Kommisjonen vil òg ha meir generelle synspunkt på samfunnstryggleiken og beredskapen under og etter angrepa.

No fryktar kommisjonsleiaren at det berre er dei sterkaste meiningane som kjem til uttrykk.

- Oppgåva vår er å dokumentere synspunkt blant alle dei berørde, og derfor vil vi oppmuntre alle som meiner noko, til å svare, uansett om dei er einige eller ueinige med det som har komme fram av synspunkt, seier ho.

Generalsekretær i AUF, Tonje Brenna, trur den dårlege responsen kan komme av at det er mange som vil ha svar på ulike spørsmål.

- For mange kan det kanskje bli mykje å svare på. Helsevesenet vil ha tilbakemelding, og det går føre seg eit stort forskingsprosjekt om 22. juli. Likevel trur eg det er klokt å setje seg ned og svare ærleg på desse spørsmåla. Dette er Noreg som granskar seg sjølv, seier Brenna til VG Nett.

Undersøkinga er òg gjort blant dei tilsette i departementa, men her var svarprosenten på 60 prosent. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.