34-årige Audun Lysbakken frå Bergen blir valt til leiar i SV på landsmøtet til partiet 10. mars.
- Eg vil takke Heikki Holmås for at han set SV først og no gir oss moglegheita til å bruke alle krefter på å samle partiet om ein ambisiøs plan for å reise seg på ny. Etter 10. mars vil vi få sjå eit SV som kjem til å gå for fullt med ny entusiasme og ny energi etter at det har vore «litt flatt batteri» etter valet i haust, seier Lysbakken til Dagsavisen.
Han lovar at partiet no vil markere seg breitt.
- Vi kjem til å vere veldig hissige på å markere oss i den politiske debatten på enda fleire område enn før. Eg er sterk i trua på at det vil gi valsiger i 2013. Eg skal vere veldig tydeleg på kjende saker som barn og unge. Men eg har og ambisjon om å erobre meir plass i viktige debattar som arbeidsliv og helse og omsorg, seier han.
- Vi har etter mi meining gjort oss for avhengige av nokre få saker. No skal vi gå breiare ut. Tøff, men konstruktiv. Det er mi haldning. Og det er SVs haldning. Eg har eit veldig godt forhold til dei to andre partia i samarbeidet og eg er ein sterk tilhengar av det. Det gode utgangspunktet er at om SV ikkje reiser seg frå resultatet frå kommunevalet, så blir det ikkje noko raudgrønt samarbeid, seier Lysbakken.
SV-leiar Kristin Halvorsen varsla at ho takka for seg etter nederlaget ved kommunevalet i fjor då SV fekk historisk låge 4,1 prosent oppslutning. Halvorsen har vore leiar i SV i snart 14 år. (©NPK)

