Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Israelske diplomatar var bombemål

(NPK-NTB-AFP): «Internasjonale spenningar» ligg bak bombeeksplosjonane i Thailands hovudstad Bangkok tysdag, etter det thailandske styresmakter opplyser. Israelske diplomatar skal ha vore målet.

- Hendinga i går var forårsaka av eksisterande internasjonale spenningar i verdspolitikken, seier generalsekretær Wichean Potephosree i Thailands nasjonale tryggingsråd.

Spenningane har ikkje berre råka Thailand, men òg andre land, slår generalsekretæren fast.

Ei etterretningskjelde i Thailand stadfestar overfor nyheitsbyrået AFP at israelske diplomatar var mål for angrepet.

To iranske menn er gripne i saka, medan ein tredje er etterlyst. Ein av dei tre fekk beina rive av i ein av eksplosjonane.

- Dei tre iranske mennene var snikmordarar, og målet deira var israelske diplomatar, derimellom ambassadøren, seier kjelda.

Den israelske forsvarsministeren Ehud Barak seier angrepet i Thailand og liknande angrep i India og Georgia er ei påminning om at Iran og libanesiske Hizbollah framleis er ein trussel.

Iran nektar på si side for at landet står bak eksplosjonane. Talsmann for det iranske utanriksdepartement, Ramin Mehmanparast, hevdar det tvert imot kan vere Israel som står bak.

- Iran meiner element i sionistregimet er ansvarlege for dette brotsverket, seier han.

Etter det Mehmanparast fortel vil Iran hjelpe Thailand i etterforskinga av saka. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.