Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Influensaen er no som eit utbrot å rekne

(NTB-NTB): Fleire og fleire blir smitta av influensa, og grensa for utbrot er no nådd for landet som heilskap.

Vestlandet og Sørlandet er verst ramma, medan Austlandet førebels har sleppt lettare unna.

ARRAY(0x190cea30)

I region sør og vest ligg influensatala over grensa for utbrot, medan dei tre andre regionane framleis ligg noko under.

Det er influensavirus A (H3N2) som dominerer. Folkehelseinstituttet ventar ei auking i vekene framover.

Sidan midten av desember har tilfelle av laboratoriestadfesta influensa auka markant. Virus er stadfesta i heile landet, men førekomsten var førre veke høgast nokre stader på Sør- og Vestlandet.

- Det hastar med å la seg vaksinere mot sesonginfluensa. Kommunane tilbyr vaksine for personar som høyrer til risikogruppene, opplyser Folkehelseinstituttet. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.