Det var eit resultat nesten heilt mot gangen i spelet. Ti minutt før slutt scora innbytar Emmanuel Mayuka sigersmålet. Ballen gjekk inn via stolpen bak Strømsgodset-keeper Adam Larsen Kwarasey.
Zambia-målvakt Kennedy Mweene spelte ein praktkamp som den beste på banen. Troppen tileigna sigeren dei døde spelarane på 1993-laget. Dei omkom i ei flyulukke før ein VM-kvalifiseringskamp.
Det skjedde i samband med ei mellomlanding i Gabons hovudstad Libreville, der finalen i afrikameisterskapen skal bli spelt sundag.
Zambia har ikkje spelt finale i afrikameisterskapen sidan 1994, og feiringa av fotballsuksessen har halde på nokre dagar allereie.
Laget blir trena av franskmannen Hervé Renard. Heltestatusen hans i landet er i ferd med bli himmelhøg.
Ghana var klart best og bomma på straffespark etter berre sju minutt. Det redda Mweene.
Larsen Kwarasey var nesten arbeidsledig gjennom heile kampen. I store delar av oppgjeret forsvarte Zambia seg med ei blanding av bravur og flaks. I sluttminutta blokkerte Zambia to svært farlege avslutningar nesten på streken. Ghana avslutta med ti mann etter ei utvising.
I finalen sundag møter Zambia vinnaren av kampen mellom Mali og Elfenbenskysten.
Vinnarane i afrikameisterskapen sidan 2000:
2010: Egypt
2008. Egypt
2006: Egypt
2004: Tunisia
2002: Kamerun
2000: Kamerun. (©NPK)

