ARRAY(0x164d2740)
ARRAY(0x1652ba90)
På Etterstad i Oslo for eitt år sidan blei ei 86 år gammal kvinne rana og utsett for overgrep. Likskapstrekka med overfallet på Korsvoll måndag kveld er store.
- Det tilfellet og drapet i Os er dei sakene vi veit om frå før der det er naturleg at vi no ser etter likskapstrekk med det nye overfallet. I tillegg har vi bede Kripos sjå etter liknande saker i heile landet, seier politiinspektør Hanne Kristin Rohde i Oslo politidistrikt til Dagbladet.
Onsdag jobba politiet i Oslo med å gå gjennom tipsa dei har fått inn etter at 77-åringen blei overfallen på Korsvoll. Politiet mistenker at ho har vore utsett for eit overgrep.
ARRAY(0x164bc280)
- Ho har vore utsett for grov vald, men ho er ikkje lenger i respirator. Sjukehuset fråråder at vi avhøyrer henne onsdag, og då respekterer vi sjølvsagt det. Så vi ventar til torsdag eller til ho er klar, seier Rohde.
Oslo-politiet skal ha fått inn fleire tips som Rohde skildrar som «interessante» i samband med Korsvoll-overfallet. (©NPK)

