Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Passasjerane strøymer til Gardermoen

(NPK-NTB): I januar 2012 reiste 1,5 millionar passasjerar over Oslo lufthamn Gardermoen, ei auking på 8 prosent frå same periode i fjor.

110.000 fleire flypassasjerar reiste via Oslo lufthamn Gardermoen enn i same periode i fjor. Veksten var på 9 prosent på innland og 7 prosent på utland. Veksten er størst på ruter til og frå Nord-Noreg, der Tromsø tronar øvst med 18 prosent vekst frå januar 2011.

- Stor aktivitet i næringslivet i tillegg til fleire private reiser både mot inn- og utland er ein stor del av årsaka, seier marknadsanalytikar Torolf Holte ved Oslo lufthamn til NTB.

Kabinfaktoren for januar er den høgste nokon gong på 65,3 prosent, opp frå 62,6 prosent frå same periode i fjor. Men mengda flyrørsler aukar med berre 2 prosent, opp til 17.515.

- Forklaringa er nok at flyselskapa har teke i bruk større fly, seier Holte. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.