Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ein mista livet i trafikkulukke i Lofoten

(NPK-NTB): Ein person omkom i ei trafikkulukke på E10 i Flakstad kommune i Lofoten tysdag kveld. Ein annan person vart hardt skadd.

Den hardt skadde personen er frakta til sjukehuset i Bodø med redningshelikopter, medan to personar er køyrt til sjukehuset på Gravdal med lettare skadar, skriv Lofotposten.

- Det var to køyretøy involvert i ulukka, og det vart drive gjenoppliving på ein person på staden, seier operasjonsleiar Kåre Munkvold i Midtre Hålogaland politidistrikt til NTB.

Naudetatane rykte ut til ulukkesstaden, og eit redningshelikopter frå Bodø landa ved 20-tida for å hente den hardt skadde personen.

Politiet vart varsla om ulukka i Kvanndalen i Flakstad kommune like før klokka 19. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.