Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Indisk IT-statsråd seier Telenor er utan skuld

(NPK-NTB-Hilde C. Kristiansen): Den indiske IT-ministeren meiner Telenor er utan skuld i korrupsjonssaka, seier statsråd Rigmor Aasrud etter eit møte i New Delhi tysdag.

- Den indiske IT- og telekommunikasjonsministeren Kapil Sibal stadfesta svært tydeleg at Telenor har komme opp i ein situasjon som dei ikkje er skuld i, seier fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud (Ap) til NTB etter at ho tysdag møtte sin indiske kollega.

Ho legg til at Sibal meinte Telenor er råka av hendingar som vart til før den norske telekomgiganten kom inn i India.

- Han la òg vekt på at det er viktig med eit samarbeid med Telenor i framtida, seier Aasrud.

Det har vore viktig for Telenor å få ein dialog med indiske myndigheiter etter at det i førre veke vart kjent at Telenors dotterselskap Uninor hadde mist 22 lisensar til å drive mobilnett for 36 millionar mobilkundar i India etter ein dom i indisk høgsterett. Grunngjevnaden var underprising og fusk ved tildelinga av lisensane.

Asia-direktør for Telenor og Uninor-leiar Sigve Brekke stadfestar at han like etter at statsrådane avslutta sitt møte, møtte den indiske statsråden, men overlet ytterlegare kommentarar til informasjonssjef Glenn Mandelid.

- Det var eit godt og informativt møte der vi presenterte saka vår. Eg kan ikkje gå i detaljar på kva som vart diskutert, skriv Mandelid i ein e-post til NTB.

Telenor kjøpte seg inn i allereie tildelte mobillisensar i 2008 ved å investere 8 milliardar for ein del på 67 prosent i selskapet Uninor. Den andre eigaren er indiske Unitech Wireless. Telenor garanterer òg for ei gjeld på 6 milliardar kroner.

Telenor kan velje å delta i ein eventuell ny bodrunde om sine «gamle» lisensar, men kjempar ein kamp med dei indiske myndigheitene om å sleppe å betale to gonger for same vare.

Statsråd Aasrud er glad for at det er etablert kontakt mellom Telenor og indiske myndigheiter på høgste nivå.

- Eg er veldig glad for at det rett etter møtet mitt var eit møte mellom Telenor og Sibal, så det er etablert ein direkte dialog mellom Telenor og ministeren, seier Aasrud.

Ho oppfattar at indiske myndigheiter ønskjer ein konstruktiv dialog for å finne ei akseptabel løysing.

- Eg opplever at indiske myndigheiter og IT-ministeren er veldig tydelege på at Telenor er ein viktig samarbeidspartnar, og at dei ønskjer å ha Telenor som ein langsiktig partnar, og det synest eg er tryggjande, seier Aasrud.

Verdien av Telenor-aksjen var omtrent uendra på Oslo Børs tysdag. Aksjen fall med 0,1 prosent til 93,80 kroner. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.