ARRAY(0x114de9e0)
Talsperson Jan Fredriksson seier samtidig at det truleg er lite å hente frå dei profilane den terrorsikta 32-åringen sletta for to år sidan.
- Det kjem an på korleis han har fjerna desse profilane. Dersom kontoen er deaktivert, er det framleis ein sjanse for å finne igjen informasjonen. Har han sletta dei fullstendig, er informasjonen borte, forklarar Fredriksson.
Breivik hadde òg ein profil som var aktiv då terrorangrepa i Oslo og på Utøya vart gjennomført. Denne kontoen vart sperra så fort namnet hans vart kjent, og her er det håp om at det går an å få ut informasjon.
Under etterforskinga har politiet sendt førespurnader om hjelp til myndigheitene i fleire land. Allereie 24. juli vart det sendt rettslege krav til nettselskap som Google, Ask og Anonymizer. Politiet ønskjer seg òg informasjon om fleire brukarar av online-spelet World of Warcraft.
- Vi har fått innsyn i ein del som har vore nyttig for etterforskinga. Internett er ei sentral kjelde for informasjonsinnhenting i denne saka, seier Roar Hanssen, som er informasjonsansvarleg i 22. juli-gruppa til politiet. (©NPK)

