Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Hilde hoppa igjen etter ryggbrotet

(NPK-NTB): Medan lagkameratane var opptatt med NM i Granåsen, gjorde Tom Hilde sitt første hopp i normalbakken i Lillehammer etter ryggbrotet i hoppveka.

Brotet har grodd perfekt, og onsdag formiddag sette han utfor den vesle Lysgårdsbakken. Det har gått 40 dagar sidan fallet i Schattenbergbakken 30. desember. Det vart konstatert brot i den åttande ryggkvervelen, og dei første prognosane var at sesongen var over for Asker-hopparen.

Etter det Dagbladet opplyser sa han dette til trenar Jermund Lunder: - Dette var fantastisk moro.

- Ingenting bar preg av at han hadde vore lenge borte, sa Lunder til Dagbladet tysdag kveld.

Det var ein letta Hilde etter hoppinga. No startar kampen mot klokka, og Hilde har eit håp om å rekke skiflygings-VM i Vikersund i slutten av månaden.

- Dette er gledelege nyheiter, sa sportssjef Clas Brede Bråthen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.