- Folk er redde for kva som kan skje i moskeen i dag, sa Musa Danbirni, som deltok i fredagsbønna i Kano.
Kano blei ramma av fleire angrep førre fredag, angrep som kosta over 180 menneske livet, og som den ytterleggåande islamistgruppa Boko Haram har teke på seg skulda for. Torsdag blei det gjennomført massearrestasjonar i samband med angrepa, men Boko Haram lovar fleire angrep.
- Eg gav ordren, og eg kjem til å gi den ordren igjen og igjen. Gud gav oss siger, seier det som skal vere leiaren i gruppa i ei melding på YouTube.
Ifølgje Human Rights Watch (HRW) er nesten 1.000 menneske drepne sidan Boko Haram starta med bombeangrep og skyteepisodar i juli 2009.
Fredag blei 15 personar funne skotne og brent i delstaten Zamfara. Ifølgje nigerianske styresmakter stod ein væpna bande bak dette angrepet. (©NPK)

