Leiaren for observatørkorpset til Den arabiske liga i Syria seier valden har eskalert dramatisk dei siste dagane, spesielt i byane Homs, Hama og Idlib.
- Valden bidreg ikkje til å leggje forholda til rette for dialog, seier leiar for observatørane Mohammed Ahmed Mustafa al-Dabi ifølgje nyheitsbyrået DPA.
Minst 34 sivile blei drepne i Syria fredag, ifølgje menneskerettsgruppa Syrian Observatory for Human Rights i London. Tolv soldatar blei drepne i angrep mot hæren, ifølgje same gruppe.
Fredag spreidde valden seg til hamnebyen Aleppo, der fem menneske mista livet. For andre dag på rad gjennomførte den syriske hæren også harde angrep i Homs, og det blei meldt om dødsfall også i Hama og fleire andre byar.
Minst 384 barn er drepne i dei ti månadene med uro og opptøyar i Syria, ifølgje FNs barnefond (UNICEF).
Barnefondet har basert talet på informasjon frå menneskerettsorganisasjonar som det reknar som pålitelege.
- Fram til 7. januar hadde 384 barn blitt drepne, dei fleste av dei gutar. Rundt 380 barn er arrestert, nokon av dei under 14 år gamle, seier Rima Salah i UNICEF.
FNs tryggingsråd skulle fredag leggje fram ein Syria-resolusjon, men Russland har gjort det klart at landet ikkje vil støtte ei fordømming av Syrias president Bashar al-Assad. (©NPK)

