Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Franske islamistar skulda for å drive kamptrening

(NPK-NTB-AFP): Den franske innanriksministeren Claude Gueant har gitt ordre om at ei fransk islamistgruppe må bli forbydd fordi den skal ha trena medlemmer til «væpna kamp».

Ein talsmann for gruppa Forsane Alizza, eller «Stolthetens riddere», avviser skuldingane og meiner at uttalene frå ministeren berre er eit påskot for å forby gruppa.

Talsmannen held fram at islamistgruppa ikkje på nokon måte er innblanda i vald, og han skuldar i staden Gueant for ærekrenkingar.

På nettsidene til islamistgruppa blir tilhengjarar oppmoda om å delta på rekrutteringsmøte i åtte franske byar onsdag denne veka. På møta skal det rekrutterast personar med ulik kunnskap, og særleg soldatar, heiter det i meldinga.

Nettsida er på både fransk og arabisk. Der blir det tatt det til orde for heilag krig og eit muslimsk kalifat, samstundes som det demokratiske systemet blir avvist.

- Det er uaktuelt å støtte nokon som helst som stiller i eit val. Vi støttar brørne våre, dei heilage krigarar, kor enn dei er i verda, heiter det vidare. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.