- Kommunane følgjer ikkje opp miljøansvaret sitt. Miljøet tapar på lokalt sjølvstyre, seier Harald Baardseth, leiar i Naturvernforbundet i Buskerud, til Aftenposten.
Berre i Øvre Eiker har fylkeslaget påvist 25 ulovlege deponi som kan utgjere forureiningsfare. På landsbasis meiner forbundet at det kan dreie seg om rundt 20.000 ulovlege deponi i aktiv bruk.
Baardseth meiner at kommunane stort sett kjenner til dei ulovlege fyllingane, men at tette sosiale nettverk gjer det vanskeleg for sakshandsamarane å vere «forureiningspoliti». I fleire tilfelle har sakshandsamarar fått truslar frå grunneigarar som har vorte kontrollert. (©NPK)

