Postordrefirmaet har ingenting å gjere med fossilet, men kom museet i forkjøpet ved å registrere namnet Ida i kombinasjon med fossilfiguren med same namn. Firmaet vil bruke logoen på produkta sine og har no fått medhald, ifølgje NRK.
Naturhistorisk Museum la i mai 2009 fram bilde av fossilfiguren. To veker seinare registrerte Farsund-firmaet International Trade Service namnet Ida til bruk saman med bilde av fossilfiguren som logo på sine figurar. Patentstyret har no i ei ny avgjerd bestemt at logoen høyrer til postordrefirmaet, og ikkje museet. Grunngjevinga er at firmaet var fyrst ute med å søkje registrering.
Direktør Arne Bjørlykke ved Naturhistorisk Museum fresar.
- Her er det eit privat firma som prøver å sko seg på Ida-fossilet. Det synest vi er tvilsamt. Vi oppfordrar alle til å ikkje kjøpe koffertar med Ida-fossil på, seier han.
Han skal no vurdere om kampen skal halde fram, eller om han skal gi seg. (©NPK)

