Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Fransk minister mål for angrep i Afghanistan

(NPK-NTB-Reuters-AFP): Den franske forsvarsministeren Gérard Longuet var målet for angrepet mot det afghanske forsvarsdepartementet måndag, seier Taliban, som hevdar dei står bak.

To personar blei drepne og sju såra i angrepet mot det afghanske forsvarsdepartementet i Kabul, seier ein talsmann for forsvarsdepartementet i landet.

Taliban hevdar dei stod bak angrepet og seier det var den franske forsvarsministeren Gérard Longuet, som er på besøk i Afghanistan, som var målet for angrepet.

Ein væpna person kledd i afghansk militæruniform skaut og drap to personar og såra sju andre. Samtidig blei ein antatt sjølvmordsbombar skoten og drepen før han rakk å detonere eksplosiva han hadde på kroppen, seier talsmann Zaher Azimy.

Det er førebels uklart om dei to personane var saman om angrepet, eller om soldaten som opna eld, gjorde det i eit forsøk på å avverje sjølvmordsangrepet.

Franske myndigheiter seier Longuet var meir enn 40 kilometer utanfor Kabul då angrepet skjedde. - Det finst ikkje bevis for at han var målet, seier forsvarsministeren sine talspersonar i Paris. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.