- Minst 80 prosent av dei drepne er sivile, seier direktør Khaled Abu Falgha til AFP.
Ifølgje han har legane ved sjukehuset dei siste dagane fått inn veldig mange med skotskader i hovud og nakkeregionen. Dei har også fått inn mange såra med skader som truleg stammar frå bruk av klasevåpen, hevdar han.
Denne typen skader har ført til at legane har måtta gjere fleire amputasjonar. Sjukehuset er ifølgje Abu Falgha heilt fullt, og alle som kjem inn med mindre skader blir sendt heim etter å ha fått ein minimum av behandling. (©NPK)
