Først ut er dronning Sonja, som skal besøkje Gaudeamussenteret, eit senter for funksjonshemma barn. Der finst det mellom anna eit hydroterapisenter med to svømmebasseng for barna. Rundt 85 prosent er finansiert med EØS-midlar, det meste frå Noreg. Kongen opnar samtidig eit norsk næringslivsseminar i Bratislava.
På ettermiddagen skal kongeparet vere med på opninga av ei utstilling til ære for Bjørnstjerne Bjørnson, hundre år etter hans død. Der skal Herbjørg Kråkevik opptre.
Kvelden er via det norske returarrangementet, der gjestene blant anna får nyte norsk mat og underhaldning. (©NPK)

