Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

USA fell i konkurransedyktigheit

(NPK-NTB): Medan Sveits framleis er det mest konkurransedyktige landet i verda, fell USA i år to plassar til fjerdeplass på lista til Verdens økonomiske forum (WEF).

Både Sverige og Singapore går forbi USA og ligg på høvesvis andre og tredje plass på lista. For berre to år sidan var USA først.

Noreg kjem først på 14. plass, eit stykke bak dei andre nordiske landa, som Finland på sjuande og Danmark på niande plass. Sverige hoppar ikkje berre forbi USA, men også Singapore.

Island har forsvunne ut i tåka etter den dramatiske økonomiske kollapsen. Landet ligg no på 31. plass etter å ha falle fem plassar i år og seks plassar året før. Når det gjeld makroøkonomi, ligg Island nest sist blant dei 139 landa på rankinga, berre framfor Zimbabwe. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.