Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Svindal rett til topps på nye ski

(NPK-NTB): Aksel Lund Svindal køyrde rett til topps på sigerspallen med nye ski under eit super G-renn på New Zealand torsdag.

Han køyrde inn til 1.01,38 og slo lagkamerat Espen Lysdahl med 67 hundredelar. Det betyr at Svindal har fått ein svært god start på årets sesong, der høgdepunktet er VM i Garmisch-Partenkirchen i første del av februar.

Han har vore på landslagssamling på New Zealand dei siste vekene, men sjølv om det har vore fleire renn allereie, har Svindal og Kjetil Jansrud som også har bytt skimerke, valt å bruke tida på testing av utstyr fram til no. Jansrud køyrde inn til sjetteplass i rennet.

Lotte Smiseth Sejersted viser også god form, og sikra seg to sigrar på New Zealand. Ho gjekk til topps både i super G-rennet og superkombinasjonen. Begge renna er med i den australsk-newzealandske cupen som tradisjonelt blir avvikla på øyriket på denne tida av sesongen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.