Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Bill Bryson: - Master i Hardanger ein forferdeleg idé

(NPK-NTB): Ei høgspentlinje ved Hardangerfjorden ville vere ein spektakulær måte å øydeleggje eit svært vakkert landskap på, meiner bestseljarforfattaren Bill Bryson.

Britiskamerikanaren er vidt kjend for dei humoristiske reiseskildringane sine, mellom anna frå Noreg. Fjordane på Vestlandet har han besøkt på oppdrag for eit reisemagasin, og han blir ikkje glad når han får høyre om planane om å trekkje ei kraftlinje ved Hardangerfjorden.

- Det er ein forferdeleg idé, seier Bryson, som kallar området det vakraste han har sett i heile verda.

- Fjordane i Noreg er ekstremt vakre og internasjonalt anerkjent. Det ville vore svært trist om det vart forringa på nokon som helst måte. Og eg kan ikkje tenkje meg ein meir spektakulær måte å forringe det på enn å sette opp høgspentmaster overalt, seier 58-åringen til NTB.

Bryson har engasjert seg i liknande kraftlinjesaker i Storbritannia. Han er president for Campaign to Protect Rural England, som arbeider for å bevare natur- og kulturlandskapet i Storbritannia. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.