Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Vil ikkje betale for sjøkablar

Berre 14 prosent av oss er villige til å betale rekninga for å bruke fleire sjøkablar i samband med kraftutbygging.

Ei undersøking InFact har gjort for NRK viser at tre av ti nordmenn ikkje vil betale ei krone meir i nettleige for å unngå naturinngrep i samband med kraftutbygging.

Betalingsviljen er størst på Vestlandet, men også her er 22,6 prosent uvillige til å betale for å unngå naturinngrep. På landsbasis er det berre 14 prosent som vil ta kostnaden med sjøkablar.

Interessa for andre løysingar enn luftspenn i samband med kraftutbygging har skote i været i kjølvatnet av Hardanger-saka. Ifølgje Statnett kjem det dagleg krav om utgreiing av sjø- eller landkablar i andre delar av landet. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.