Tala viser at det er mest overtidsjobbing i privat næringsliv. Der fortel 60 prosent av dei spurde at dei sit over kvar veke. I offentleg sektor fortel 44 prosent det same, skriv Dagens Næringsliv.
Det er særleg i IT-bransjen ein finn dei som arbeider overtid. I denne bransjen oppga heile 76 prosent at dei jobba overtid.
Når det gjeld lønn for overtid, oppgir nærare 35 prosent i offentleg sektor at dei jobbar ulønt overtid, medan det tilsvarande for privat sektor er omtrent 32 prosent.
I 2009 oppga 58 prosent at dei arbeidde overtid kvar veke, i år er talet altså redusert til 53 prosent. (©NPK)

