Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

-18 millionar for å få Moland og French utlevert

(NPK-NTB): Prislappen for å få Tjostolv Moland og Joshua French utlevert er 3 millionar dollar- meir enn 18 millionar norske kroner, skriv VG.

Det er Bibiche Olendjekem, enka etter sjåfør Abedi Kasongo, som dei to nordmennene er dømt for å ha drepe, som seier dette til VG:

Fråsegna kom etter at det torsdag var kjent at kongolesiske styresmakter er opne for utlevering av dei drapsdømte nordmennene om dei pårørande til sjåføren får ein økonomisk erstatning dei er nøgd med.

Dei to nordmennene sin norske advokat trur dei skal få dei dømte utlevert.

- Eg trur at det er reelt å få til ei utlevering, seier Moland og French sin advokat i Noreg, Morten Furuholmen, til VG.

- No står det berre igjen å få løyst forholdet til enka, seier han. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.