Drillo gjekk inn i sin andre periode som landslagssjef vinteren 2009. Ståle Solbakken overtek roret 1. januar 2012.
Når Olsen gir seg som landslagssjef, er han også ferdig som hovudtrenar på toppnivå.
- Dette er siste runde for meg som hovudtrenar. Så sprek som eg er no, kan eg sikkert ta ein konsulentjobb eller noko, men eg blir ikkje trenar igjen, seier Drillo til Aftenposten.
Han vart tilsett som landslagssjef første gong i 1990 og leia Noreg i åtte år. To gongar (1994 og 1998) tok han Noreg til VM-sluttspel. I januar i fjor overtok han som mellombels landslagssjef etter at Åge Hareide slutta. Etter comebacket til Drillo, har Noreg vunne åtte kampar, spelt to uavgjort og tapt tre gongar.
- Eg er nøktern i forhold til det eg har oppnådd. Det har vore såpass jamt, og det kunne fort ha sett mykje styggare ut for oss. To-tre av kampane me har vunne, kunne me ha spelt uavgjort eller til og med tapt, seier Olsen. (©NPK)

