Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Noregs Bank vil fjerne 50-øringen

(NPK-NTB): 50-øringen er for lite brukt, difor kan den minste mynten vår like godt bli fjerna, meiner Noregs Bank.

Noregs Bank bestemmer sjølv kva slags myntar og setlar me skal ha. Tidlegare har Noregs Bank fjerna både eittøringen, toøringen, femøringen, tiøringen og 25-øringen, og no står altså 50-øringen for tur, skriv Dagsavisen.

- Noregs Bank sin vurdering er at 50-øringen ikkje lenger sirkulerer som ein ordinær betalingsmynt. Den blir brukt av butikkar for å gi igjen veksel, medan kundane i stor grad legg mynten til side i staden for å bruke den ved seinare betalingar, heiter det i brevet.

Ved betaling med kontantar må summane me skal betale i kioskar, butikkar og andre stader rundast av til næraste krone og ikkje til næraste 50-øring, som i dag. Noregs Bank trur likevel ikkje dette vil føre til auka prisstiging.

- Det er berre sluttsummen ved kontante betalingar som skal avrundast, og ikkje prisen på den enkelte vare. Elektroniske betalingar blir ikkje påverka av ein myntinndraging, heiter det i eit brev om lagnaden til 50-øringen, som no er sendt alt frå næringsdrivande til mynthandlarane.

Svenskane pensjonerer sin 50-øring om nokre veker. Mynten tek slutt å vere lovfesta betalingsmiddel 30. september i år. Danmark skal framleis ha sin 50-øring, men 25-øringen vart avskaffa i 2008. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.