Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ekspertar rosar lyntogsatsinga

(NPK-NTB): Ein av dei fremste ekspertane på høghastigheitsbane meiner lyntog er fullt mogleg i Noreg dersom styresmaktene tilpassar det til behovet i landet og satsar på gode trasear.

Spanjolen Ignacio Barron de Angoiti, direktør i den internasjonale jernbaneunionen (UIC), gleder seg til å følgje med togutviklinga i Noreg, skriv Nationen.

- Eg er allereie mektig imponert over flytoget, sjølv om det ikkje er definert som ei høghastigheitsbane. Flytoget er eitt av dei beste i verda, og det lovar godt for vidare banebygging, seier han til avisa.

Barron er éin av åtte medlemmer i Jernbaneverket sitt nye ekspertgruppe som har sine første møte i Noreg denne veka for å greie ut utbygging av høghastigheitsbaner mellom ulike byar og landsdelar. 50 millionar er sett av til utgreiinga. Han meiner det er bra for Noreg å satse på høghastigheitsbaner.

- Det er viktig å diskutere korleis me vil reise i framtida, og at me bør ha ein plan for barnebarna våre. Det er dei me skal byggje for, seier han. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.