Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ber foreldre vere forsiktige med smertestillande

(NPK-NTB): Både leiar for helsesøstrene og Legemiddelverket oppmodar gravide og småbarnsforeldre til å vere restriktive med smertestillande medisinar.

Aftenposten skreiv torsdag at norsk forsking viser at babyar som får paracetamol dei seks første månadene av livet doblar risikoen for allergi og astma før dei blir ti år. Undersøkinga viser også at barn av mødrer som har brukt verkestoffet under svangerskapet har meir enn dobbelt risiko for å utvikle luftvegsallergi enn barn av mødrer som ikkje har brukt slike medisinar.

Leiaren i landsgruppa av helsesøstrer, Astrid Grydeland Ersvik, seier den nye forskinga ikkje endrar på råda til småbarnsforeldre og gravide, dei åtvarar ikkje mot paracetamol.

- Under graviditeten skal ein vere forsiktig med bruk av all medisin, også smertestillande. Det same gjeld hos spedbarn og småbarn. Det er berre ved høg feber, for eksempel etter vaksinasjon at me tilrår at små barn kan få paracetamol. Men høg temperatur skal ikkje føre til at barna får febernedsetjande utan vidare. Febernedsetjande kan kamuflere andre symptom, seier ho til Aftenposten.

Steinar Madsen, avdelingsoverlege i Statens legemiddelverk, seier problemstillinga er kjent.

- Ein bør nok ta signalet alvorleg og vurdere om bruken av paracetamol bør bli innskrenka. Terskelen for bruk bør kanskje vere noko høgare enn i dag, utan at det vil ha nokre store negative verknader for mor eller barn, seier Madsen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.