- Det blir litt som å gå på pianospeling eller handball. Hos oss går ein på matte, med ein fast lærar og eit fast opplegg, seier Vibeke Fængsrud, dagleg leiar i House of Math til Aftenposten.
Firmaet som starta i det små for fire år sidan har no 15 privatlærarar i stallen.
- Gjennom desse åra har me merka ein dramatisk auka pågang. Det blir fleire og fleire som ønskjer privatundervisning i realfag. Difor har firmaet berre vokse i takt med at marknaden har auka, seier Fængsrud.
Alle dei tilsette i House of Math har høgare utdanning innan matematikk. Dei fleste er studentar, nokre er tidlegare lærarar. Prisen er 500 kroner timen. Eit opplegg med to faste timar i veka kjem på vel 4.000 kroner i månaden. Leiaren i Foreldreutvalet for grunnopplæring (FUG), Loveleen Rihel Brenna, kjenner til den aukande bruken av privatundervisning til barna frå sin eigen omgangskrins.
- Bruk av privatlærarar er utbreidd internasjonalt. Det er ikkje ein trend me ønskjer velkomen. Det vil skape større skilnader i samfunnet, seier Brenna. (©NPK)

