Handel og Kontor i Noreg og Negotia på arbeidstakarsida og Transportbedriftenes Landsforening på arbeidsgivarsida forhandla om ein ny overeinskomst for dei tilsette ved drosjesentralane rundt i landet.
Under meklinga torsdag nådde partane-med hjelp frå riksmeklingsmannen- fram til ei forhandlingsløysing. Om det hadde vorte streik ville dei store drosjesentralane ha vorte råka. Totalt omfattar meklinga 85 medlemmar i HK og Negotia. (©NPK)

