- Det synest eg rett og slett er utruleg trist og synd at så få får moglegheita til å sjå ein så viktig kamp som den første EM-kvalifiseringskampen er for Noreg, seier kulturminister Anniken Huitfeldt (A) til 100 % Fotball.
Sjeldan har så få nordmenn hatt TV-tilgang til ein norsk landskamp av betydning. Ein stad mellom 50.000 og 100.000 nordmenn har Canal+-abonnementet, som gir tilgang til fredagens landskamp mellom Noreg og Island på Laugardalsvöllur.
Fleire fotballinteresserte som ikkje har skaffa seg rettane må finne seg ein pub eller utestad for å følgje kampen. Mange utestader har sikra seg eit abonnement. (©NPK)

