Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Fleire og fleire asylsøkjarar reiser heim frivillig

(NPK): I alt 201 asylsøkjarar nytta seg i august av tilbodet med frivillig retur til heimlandet. Det er ny rekord.

Så langt i år har 976 personar reist heim frivillig. Det er ein auke på 61 prosent frå i fjor, fortel Utlendingsdirektoratet (UDI).

- Det er tydeleg at satsing på ordningar som gjev økonomisk støtte ved frivillig retur har hatt effekt, seier avdelingsdirektør Anne Siri Rustad i UDI.

For å leggja tilhøva til rette for ein vellykka retur får dei fleste asylsøkjarane som reiser tilbake frivillig, no opptil 20.000 kroner i støtte.

Dei fleste som reiser tilbake frivillig er frå Irak. 363 irakarar har i år nytta seg av det spesielle returprogrammet til Irak. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.