Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Tre norske med i Continental Cup

(NPK-NTB): Ronny Nilsen, sportssjefen i friidrettsforbundet, synest det er stort å ha med tre nordmenn i Continental Cup.

- Jo, det er vel ingen grunn til å leggje skjul på at det er stort for vesle Noreg å representere Europa med fleire utøvarar enn Andreas Thorkildsen som er den desiderte einaren vår, seier Ronny Nilsen til NTB.

Dei ulike verdsdelane skal avslutte sesongen med Continental Cup (den tidlegare verdscupfinalen) i Split til helga, og ved sida av Thorkildsen i spyd skal Ezinne Okparaebo springe for Europa på 100-meteren for kvinner, medan Jaysuma Saidy Ndure spring 200 meter på Europa-laget.

Opphavleg var det berre Okparaebo og Thorkildsen som skulle delta i denne sesongavslutninga av dei norske løparane, men 30. august fekk «Jays» spørsmål om også han kunne delta.

- Eg synest det er positivt for oss å ha med så mange som tre, seier Nilsen, som legg til at kommande helg blir sesongavslutning for dei aller fleste norske utøvarane. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.