Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Mistenkt for babydrap i Nederland

(NPK-NTB-Reuters-DPA): Det er funne to døde babyar i hagen til ei nederlandsk kvinne som i førre veke blei arrestert for drapet på eit tredje spedbarn.

Den 41 år gamle kvinna bur i landsbyen Geleen, rundt 20 mil søraust for Amsterdam, ifølgje den nederlandske påtalemakta.

Testar skal allereie ha fastslått at kvinna er mor til eitt av barna, og rettsmedisinarar jobbar med å finne ut om ho er mor til alle tre. Dei prøver også å få svar på når og korleis spedbarna døydde.

Det første babyliket blei funne i eit skjul på eigedommen til kvinna førre fredag.

For berre ein månad sidan blei Nederland skaka av ei liknande sak, då politiet fann leivningane av fire babyar på loftet i eit hus i landsbyen Nij Beets. Ei 25 år gammal kvinne er mistenkt for å ha drepe barna over ein periode på åtte år. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.