Dommen er også seks månader strengare enn kva aktoratet bad om skriv Aftenposten.no.
I Oslo tingrett vart Baasland dømt til fire års fengsel for grovt bedrageri etter å ha spelt bort 66 millionar kroner på nettspel.
Sidan dommen i tingretten har Bjarte Baasland (36) fått diagnosen velokardiofacialt syndrom (VCFS), som mellom anna kan gi seg utslag i manglande talforståing og lærevanskar. Med dette som bakgrunn meinte forsvarar John Christian Elden at klienten måtte få strafferabatt.
- Me er glade for at lagmannsretten sette ned straffa. Likevel meiner me at det er feil at dei ikkje har vektlagt sjukdomsbilete på generelt grunnlag og vil vurdere om dette er noko Høgsterett bør sjå på, seier Elden til Aftenposten.no. (©NPK)

