Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ekskjærasten ikkje lenger i Ungarn

(NPK-NTB): Kinesaren som er mistenkt for drapet på Pernille Marie Thronsen, er ikkje lenger i Ungarn, seier politiet i Budapest.

- Me veit at den etterlyste kinesaren ikkje lenger er i landet, sa leiaren for drapsavsnittet hos Budapest-politiet, Jozsef Szigeci, på ein improvisert pressekonferanse om drapsetterforskinga torsdag formiddag.

Politiet held framleis korta tett til brystet, og ei rekkje spørsmål vart avvist og det vart vist til etterforskinga.

- Av omsyn til etterforskinga kan me ikkje svare på kvar han har reist, eller om han kan ha reist til Kina eller Frankrike, sa Szigeci. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.