Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Optimistisk tone føre fredssamtalar

(NPK-NTB-Reuters-AFP): Israelarane og palestinarane har ein unik moglegheit til å skape fred når dei på ny byrjar med forhandlingar denne veka, meiner president i USA Barack Obama.

Grip sjansen! Det var bodskapen til den amerikanske presidenten då han onsdag tok imot statsminister i Israel Benjamin Netanyahu og presidenten for palestinarane Mahmoud Abbas ved Det kvite hus. Dei offisielle fredssamtalane startar torsdag, og det ambisiøse målet til Obama er ein fredsavtale innan eitt år.

- Som eg har sagt til dei begge i dag: det kan bli lenge til ein slik moglegheit kjem igjen. Dei har ikkje råd til å la den gleppe. Det er på tide at leiarar med mot og visjonar skapar den freden folket deira fortener, sa Obama etter å ha vore i samtalar med kvar av dei to leiarane enkeltvis.

Det er nødvendig at begge partar går ærleg inn i samtalane, sa Obama.

- Dersom ikkje vil den langvarige konflikten berre halde fram å nage og tære på ein ny generasjon. Det kan me ikkje tillate, sa han. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.