VG skriv torsdag at mellom andre utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) og helseminister og tidlegare forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) har teke imot gåver frå utanlandske politikarar.
Eit teppe som Strøm-Erichsen tok imot frå den afghanske forsvarsministeren, har ein verdi på 35.000 kroner.
Begge statsrådane oppgir til avisa at dei har skatta av gåvene. Organisasjonen Transparency International, som arbeider mot korrupsjon, reagerer.
- Afghanistan er eitt av verdas mest korrupte land. Norske politikarar burde vere gode eksempel og ikkje ta imot denne type gåver, seier generalsekretær Guro Slettemark i Transparency International Norge til VG.
Med dagens regelverk kan ikkje statstilsette ta imot gåver. Unntaket er dersom det er høviskegåver, men gåva må overleverast til arbeidsgivar. For politikarar er likevel reglane annleis. Dei kan ta imot til eksempel gåver ved besøk til eller frå utlandet, men det blir understreka at dei skal halde tilbake. (©NPK)

