Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

LO skeptisk til røykjeforbod

(NPK-NTB): Vest-Agder fylkeskommune vil ha totalforbod mot røyk og snus i skuletida, men LO-leiar Roar Flåthen protesterer.

Fylkesutvalet i Vest-Agder ønskjer å innføre snus- og røykfrie skular i fylket. Det betyr at snus og tobakk ikkje berre er ulovleg på området til skulen, men også utanfor området til skulen i skuletida.

LO-leiar Roar Flåthen er skeptisk og meiner at eit totalforbod blir vanskeleg å handheve, skriv Fædrelandsvennen.

- Røykjelova har teke oss eit langt steg i riktig retning. Me må ikkje gløyme at det har vore ein revolusjon i positiv forstand når det gjeld røyking på jobb. Å innføre eit totalforbod trur eg kan bli vanskeleg på enkelte arbeidsplassar, seier Flåthen.

Forbodet skal om det blir vedteke, gjelde alle tilsette og lærarar ved dei vidaregåande skulane i Vest-Agder innan 2013. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.