Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Kina vil hjelpe ungarsk politi

(NPK-NTB): Dersom den drapsmistenkte Zhao Fei (26) rømmer til heimlandet, vil Kina hjelpe ungarsk politi.

Den drapsmistenkte kinesaren kan ikkje forvente seg fritt leide dersom han rømmer heim til Kina, skriv Dagbladet.

Sjølv om Kina ikkje er medlem av Interpol, og det ikkje eksisterer ein utleveringsavtale mellom Kina og Ungarn, vil ikkje heimlandet vere ein fristad for 26-åringen. Det understrekar kinesiske utanriksstyresmakter overfor Dagbladet.

- I saker som dette vil kinesiske politistyresmakter hjelpe til i jakta på den mistenkte, seier ei talskvinne ved det kinesiske utanriksdepartementet til avisa. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.