Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Menn bør ikkje få lappen før dei er 23

(NPK-NTB): Unge menn har umodne hjernar og strengt sagt bør ikkje unge menn få lappen før dei er minst 23, seier forskar.

- Unge menn er ikkje berre uerfarne sjåførar, men også umodne menneske, seier seniorforskar Dagfinn Moe til Bergens Tidende.

Moe er seniorforskar ved avdeling for transporttryggleik på Sintef, og har dei siste åra sett nærare på korleis ungdomshjerna er i endring. Konklusjonen er at unge menn har problem med å vurdere risiko og tenkje over konsekvensar.

- Det er frontallappen i hjernen som styrer desse vurderingane, og dei har ikkje modna før i 25-årsalderen, seier Moe.

- Ungdom tek risikable val på mange arenaer. Forskjellen er at i trafikken kan det gå veldig galt, seier forskaren, som sjølv har jobba som trafikklærar i studietida.

Funna stemmer godt overeins med det trafikklærarar landet over møter på jobben. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.